Velkomen til gardsbutikken vår på Sætre/Lauvstad
Vi har ei periode jobba med å få den gamle buda på garden i stand att slik at vi kan både ha skinnmakerverkstad og gardsbutikk der. No er draumen vorte til røynd, og du kan kome og handle med oss. Vi held til i Dalsfjordvegen
133 på Lauvstad i Volda kommune.
Vi har ikkje faste opningstider, men opnar gjerne på forespørsel.
Ta kontakt med oss på tlf 975 30 623, på Facebook @pergarden, Instagram @pergardenskinn eller gjennom
meldingsfunksjonen her på sida. Du kan betale med kontantar, vipps og kort.
Innimellom annonserer vi spesielle opningstider. Følg med på Facebook eller her for å få med deg det som skjer.
Helsing
folket i Pergarden